Opningstider i jula

Akutt hjelp, vakttelefonar, service, symjehallar og søppel. Sjekk våre tenester og tilbod i jula her.

Info til heimen- Oktober/November

Klikk for stort bilete Trykk deg inn for å lesa om aksjonsdag, skuleløpet, og litt om kva som skjer på skulen i november. 

Open dag 24.oktober
24. oktober hadde me aksjonsdag. Me samla inn heile 57 778,- til Hei Verden sitt arbeid i Zambia.

Svampkasting var ny populær aktivitet for året! Tusen takk til Haldis Brattgjerd, Sissel Haugstad, Per Ivar Aniksdal og Sonja Risa som stilte opp som «blink» frå foreldregruppa. 

Tusen takk til Haarr Betong, Coop Extra Vigrestad, Vigrestad konditori, Rema 1000,
Pizzabakeren, Mix Vigrestad og Lotus som sponsa oss med kake til kafeen eller
gevinster til lynlotteriet.
 

Skuleløp
Tidlegare på dagen var det skuleløp. Elevane gjekk/sprang ei løype i sentrum, og for kvar runde dei sprang vert dei sponsa 11 kroner frå ulike bedrifter på Vigrestad. Elevane sprang totalt 1226 rundar, og samla dermed inn 13 486,- på springinga. 
Takk til alle foreldre som var med å heia langs løypa.

Takk til desse bedriftene sponser skuleløpet:
Hegelstad AS
Vigrestad Bygg
Mæland Rør AS
Øen & Haugstad AS
Elektrofag Jæren AS
Aarsland møbelfabrikk AS
M & A Tjemsland AS
Haugstad Trevarefabrikk AS
Komplett Økonomi AS
Runar Arvesen Entreprenør AS
IKM Haaland AS

Utviklingsamtalar
I veke 48 og 49 inviterer skulen til utviklingssamtaler, der alle elevane med føresette vert
invitert til samtale med kontaktlærar. På samtalen vil det vera fokus på trivsel og vurdering av
læringsutbytte for halvåret.

Skulebuss til Stokkelandsmarka
På skulen minner me elevane om å følgje reglane for busskjøring; bruke bilbelte, ha
busskortet klart og ta imot beskjedar frå busssjåfør. Dersom nokre føresette er heime når
bussen kjem til Stokkelandsmarka, kan det nok vera nyttig å stikka innom busstoppen
innimellom.

Oppgradert skulebygg/SFO
Oppgraderinga av SFO- bygget i den tidlegare kvite barnehagen er i sluttfasen og bygget er
klart til å brukast frå veke 45. I dette bygget vert SFO, kunst og handverk, musikk og mat og
helse.
SFO flytter opp her frå måndag 4.11. Fint om føresette bruker parkeringsplassane som
høyrer til skulen eller parkering ved den «gamle» SFOen ved levering og henting. Dette gjeld
spesielt i tida då elevane syklar/går til og frå skulen, mellom 7.40-8.20 og 14.10-14.30.
Utanfor desse tidspunkta kan og «parkeringsplass» på fortauet utanfor 2. klasse i
Nymannsvegen brukast.
 

15. november
Minnar om at fredag 15.november er fridag for alle elevane grunna Skulemøte i Rogaland.
 

Facebook
Skulen har si eiga lukka facebook- gruppe. Her deler me litt bilete frå skulekvardagen og det ligg informasjon

Fann du det du leita etter?