Opningstider i jula

Akutt hjelp, vakttelefonar, service, symjehallar og søppel. Sjekk våre tenester og tilbod i jula her.

Rutinar på Vigrestad SFO

Opningstider: 7.00-16.00. Ein kan levera og henta når ein vil innanfor eleven sitt SFO- tilbod. 

Morgontilbodet er frå kl. 07.00 - 08.20. Dei som ynskjer å eta medbringt frokost i SFO bør ha kome til kl. 07.30.  Elevane vert levert av foreldra på SFO, og vert ikkje etterlyst om dei ikkje møter.

Ettermiddagstilbodet er frå kl. 14.00 - 16.00 eller 11.15- 16.00 på tysdagar . (Og fredagar for 1.-2.klasse). Elevane vert inn-registrert og i første omgang etterlyst hos kontaktlærar om dei ikkje kjem.

Eleven kan gå heim sjølv etter avtalar som er gjeldande for delar eller heile skuleåret. Dette må  leggast inn på VismaFlyt.

Fråvær på SFO skal i utgangspunktet alltid meldast på VismaFlyt.  Då vil både kontaktlærar og SFO- personell få informasjon om fråværet.  

SFO har tilbod også i feriar. Eiga påmelding vil vera tilgjengeleg på heimesida i god tid før aktuell ferie. Det vil bli sendt påminning om påmelding til heimane på mail. 

Garderobeplassane er faste og merka med namn. SFO oppfordrar til å merka kleda godt. Attgløymde klede vert samla i eigen kasse. 

Måltid på SFO er kvar dag klokka 14.30. Det vert servert brødskiver og melk. På tysdagen (og fredagen) som er kort skuledag, må elevane ha med matpakke til måltidet som er klokka 11.30.

Oppseiingstida for SFO- tilbod i Hå kommune er to månadar, gjeldane frå den 1. i månaden. Sjå vedtekter.  

Måndag/onsdag/torsdag: 

14.00- 14.30- Oppmøte og registrering 

14.30- 14.50- Måltid

14.50- 16.00- Aktivitetar som uteleik, forming, gymsal og inneleik. 

Tysdag/fredag:

11.15- 11.30- Oppmøte og registrering

11.30- 12.00- Måltid- eigen matpakke

12.00- 14.30- Eigen aktivitetsplan- sjå oppsett

14.30- 14.50- Brødmåltid

14.50- 16.00- Valfrie aktivitetar som uteleik, forming, gymsal og inneleik

Fann du det du leita etter?