Opningstider i jula

Akutt hjelp, vakttelefonar, service, symjehallar og søppel. Sjekk våre tenester og tilbod i jula her.

Ny i 1.klasse

Vigrestad skule og barnehagane i Hå kommune har eit samarbeid for å sikra ein trygg overgang til skulen. 

Skuleklubb

Om våren det siste barnehageåret vert alle som skal starta i 1. klasse invitert inn til skuleklubb på skulen. Desse øktene vert fem fredagar frå 11.45- 14.15 i lag med den nye gruppa og kontaktlæraren i klasserommet. Målet med øktene er at det skal skapast tryggleik og at elevane skal få ein forsmak på elevrolla. 

Overføringssamtalar

I juni vil alle føresette bli innkalla til ein overføringssamtale med pedagog i barnehagen og ny kontaktlærar. Målet med samtalen er at foreldre og pedagog skal presentera bornet for kontaktlæraren sin. 

Oppstart

Dei nye 1. klassingane startar opp klokka 9.00 første skuledag. Det vert ei kort samling i gymsalen før elevane går til sine kontaktgrupper. 

Praktisk informasjon

Det vert foreldremøte i overgangen august/september. 

Elevane må ha med matpakke måndag, onsdag og torsdag. Elevane kan abonnera på melk og frukt gjennom skulen. Det vil bli utdelt eige skriv om dette. 

Elevane har god garderobeplass med eiga korg til skiftklede. Det kan vera lurt å fylla på denne. 

Det vert tilbod om leksegruppe etter jul i 1. klasse. I begynneropplæringa i leseprosessen er det viktig at elevane vert tett oppfølgt. Dette er lettast å få til heime ein til ein, og ikkje i gruppe i leksegruppe. 

Fann du det du leita etter?