Opningstider i jula

Akutt hjelp, vakttelefonar, service, symjehallar og søppel. Sjekk våre tenester og tilbod i jula her.

Om oss - Vigrestad skule

Vigrestad skule er ein småtrinnsskule med elevar frå 1.-4.klasse. 

Det er mellom 40 og 65 elevar på kvart trinn, som igjen er inndelt i tre eller fire kontaktlærargrupper. Skulen har omlag 25 lærarar og 10 tilsette assistentar. Første og tredje klasse er i det sørlege bygget, mens andre og fjerde klasse held til i bygget mot nord. Personalet i kvart bygg dannar eit arbeidslag, med kvar sin lagleiar. 

På Vigrestad skule er me opptekne av at elevane skal trivast sosialt og ha ei god fagleg utvikling. Hå kommune sin visjon om å løfta i lag er viktig. Dei tilsette arbeidar tett saman om ein kollektiv praksis og eit felles ansvar for elevane si faglege og sosiale utvikling. 

Utviklingsmål skuleåret 2019-2020:

Mål 1: Elevane våre får god læring i eit aktivt, variert og inkluderande læringsmiljø. Vår eiga motivasjonsundersøking viser at elevane sin motivasjon for læring avtek dess eldre elevane vert. Dette vil me gjera noko med. 

Mål 2: Opplæringa på Vigrestad skule skal vera i tråd med ny læreplan frå hausten 2020.  Me vil vera klar til å ta i bruk ny læreplan, og vil bruka skuleåret til å førebu oss. Ny læreplan får følgjer for mål og innhald i fag, metodar og læremiddel. 

Administrasjon og leiing:

Rektor: Ingrid Vold  

Kontakt: Ingrid.Vold@ha.kommune.no,  Telefon: 93097130/51793602   

Kontorsekretær: Hege Lende

Kontakt: post.vigrestad.skule@ha.kommune.no, Telefon: 51793600                                                                                                                     

 

                                               

Fann du det du leita etter?