Bilete

Smedabråtet - Oljevernlager

I Smedabråtet på Vigrestad har vi eit oljevernlager med utstyr til handtering av oljesøl i sjø/vatn og akutt forureining 

Større oljelenser kan handtere utslipp i Sirevåg hamn, og mindre utslepp langs strandsona. Til mindre utslepp på veg og i elvar etc. har vi ein del eingongslensar. Brannvesenet disponerer også ein liten lettbåt til dette føremålet.

Hå er medlemskommune i Interkommunalt utval mot akutt forureining - IUA.

Historie

Klikk for stort bilete

Smedabråtet var brannstasjon på Vigrestad før 1985. Brannmannskap har i seinare tid lagt ned mykje arbeid med å gjera stasjonen om til eit lite museum, Her har dei samla ein del gamalt utstyr som er teke ut av bruk. I garasjen står også ein gamal 1960 modell Willys brannbil som er restaurert av mannskapa.

 

Klikk for stort bilete

Foreløpig er det ei lita samling av utstyr, som vi tenkjer kan utvidast med tida.

Tanken er at Smedabråtet også skal bli ein møtestad for nåverande og pensjonerte brannmannskap.

Kontakt

Per Ivar Aniksdal
Per Ivar Aniksdal
Brannsjef
Mobil: 415 32 677

Kartpunkt

Fann du det du leita etter?