Godkjende listeforslag

Valstyret behandla i møtet den 30.04.2019 sak om godkjenning av innkomne listeforslag.

Alle dei 10 listeforslaga vart samrøystes vedteke.

Vallistene er òg lagt ut i Servicetorget i Hå rådhus.

Vallova § 6-8 fastset at det er adgang til å klage, for dei som meiner at valstyret må omgjera eit vedtak om å godkjenna eller forkasta eit listeforslag. 

Skriftleg klage må sendast innan 8.mai 2019 til:

Valstyret i Hå
Rådhusgata 8
4360 Varhaug

eller du kan senda e-post til stab@ha.kommune.no

Fann du det du leita etter?