Familiebading

Stampen held stengt i skulen sin sommarferie.

Kvar veke er det sett opp seks timar til familiebading i Stampen terapibasseng på Nærbø. Du bestiller billettar i appen Vipps. Billettar for den komande veka blir lagt ut kvar måndag klokka 08.00. Det er 30 plassar i bassenget kvar time, og billettane er populære. Derfor er det lurt å vera tidleg ute om du ønsker å sikra deg plass. Men fortvil ikkje om det er utseld. Me får ofte avbestillingar, og du kan sjekka i appen heilt fram til timen startar om det har blitt noko ledig. 

Her finn du meir informasjon om billettbestilling

Pris

Det kostar 40 kroner uansett om du er barn, vaksen eller pensjonist. 


Timar

Tysdag 18.00-19.00 Med barn under 8 år
Tysdag 19.00-20.00 Med barn under 11 år
Fredag 16.00-17.00 Med under 8 år
Fredag 17.00-18.00 Med barn under 11 år
Fredag 18.00-19.00 Med barn under 11 år
Fredag 19.00-20.00 Ingen aldersgrense

Ein time er inkludert garderobetid. Dersom du for eksempel skal bada frå 16.00-17.00, kan du ikkje gå inn i garderoben før 16.00, og må vera ute igjen av garderoben klokka 17.00.

Kontakt

Servicetorget Hå kommune
Telefon: 51 79 30 00
Fann du det du leita etter?