Ikkje bad i Rennå eller Salteåna

Klikk for stort bilete

 

 

Nye målingar viser at vannkvaliteten i Rennå på Brusand og Salteåna på Refsnes, ikkje er god. Kommuneoverlegen frarår bading her.

Sjekk kvaliteten på badevatnet

Det vil bli sett opp skilt ved dei aktuelle badeplassane.

Gjennom sommaren sjekkar Hå kommune kvaliteten på badevatnet ved seks utvalde badeplassar, slik at du skal vita kor det er lurt å bada. Resultat frå prøvane vil vera klare eit par dagar etter måledato. Er det dårleg kvalitet på badevatnet, vert det sett opp skilt der me rår ifrå bading på den aktuelle badeplassen.

 

Badeplass Dato for prøvetaking Vasskvalitet
Ognaelva nedanfor FV44 7. august Akseptabel kvalitet
Fuglestadåna ved kvernhusa 7. august

Akseptabel kvalitet

Rennå, Brusand 7. august Ikkje akseptabel kvalitet
Salteåna ved Refsnes 7. august Ikkje akseptabel kvalitet
Stemmavatnet, Sirevåg 7. august God kvalitet
Brusand camping (sjøen) 7. august God kvalitet

 

God kvalitet = Mindre enn 100 tarmbakteriar/100 mL
Akseptabel kvalitet = 100-1000 tarmbakteriar/100 mL
Ikkje akseptabel kvalitet = Meir enn 1000 tarmbakteriar/100 mL

Fann du det du leita etter?