Hybelhuset

Klikk for stort bilete


Hybelhuset på Klokkartunet er ein del av avdeling psykisk helse og rusvern.
Hybelhuset er døgnbemanna og består av 17 utleigebustader.  To av desse er krisehyblar som NAV Hå tildeler. 

 

Ofte stilte spørsmål

Kven kan få leige bustad på Hybelhuset?
  • Personar som er over 18 år og som treng tettare oppfølging enn dei kan få i vanleg kommunal bustad.
  • Personar som har psykisk sjukdom, eventuelt utfordringar i forhold til rus og som treng bemanning.
Korleis får eg plass ved Hybelhuset?

Bustadene vert tildelt i boligutvalet i Hå kommune. Det er tenestebehovet som er styrande for om du får tilbud om å bu hjå oss. For å søke nyttar du søknadsskjema du finn på denne lenka: Søknadsskjema

Kva kostar det å bu på Hybelhuset?
  • Du betaler vanleg husleige til kommunen. Leietaker betalar i tillegg for egen strøm og teiknar eigen innnbuforsikring. 
  • Hybelhuset er ikkje ein institusjon. Hjelp frå dei tilsette er gratis.

Kontakt

Kari Stapnes
Leiar
Telefon: 415 32 791
Fann du det du leita etter?