Barne- og ungdomsløftet - tverrfagleg organisering Barneløftet - tverrfagleg organisering Kva gjer me på individnivå? På individnivået er ressursgruppene i skular og barnehagar den viktigaste arenaen for tverrfagleg samarbeid. Her kan alle som er i kontakt med barn og unge, og som vert bekymra, ta opp saker til diskusjon. Sjå også rettleiaren for det tverrfaglege samarbeidet i kommunen og retningslinjene for ressursgruppene. Tverrfagleg ungdomsteam (TUT) jobbar også med konkrete ungdommar i ei tverrfagleg gruppe. Sjå retningslinjene for denne gruppa. Kva gjer me på tenestenivå? På tenestenivå har me den tverrfaglege koordineringsgruppa i kommunen. Her er det tenesteleiarar frå alle teneste som rettar seg mot barn og unge. Gruppa diskuterer og avgjer tiltak på tenestenivå, og kan velga å lyfta problemstillingar til den tverrfaglege styringsgruppa eller til kommunalsjefane for helse og sosial og/eller opplæring og kultur. Gruppa har møter annan kvar månad, og alle medlemmane kan melda opp saker. Dei som deltek er: skulesjef barnehagesjef fritidsleiar SLT - koordinator leiar psykisk helse og rusvern leiar helsestasjon og skulehelsetenesta kommuneoverlegen leiar PPT politikontakten Gruppa fungerer også som kommunen sitt Folkehelseforum. Kva gjer me på kommunenivå? Her møter ordførar, rådmann, lensmann/politikontkakt, kommunalsjef helse og sosial, kommunalsjef opplæring og kultur. Ordføraren leiar møta og SLT - koordinator er sekretær. Gruppa har møter tre gonger i året. Sakene kjem stort sett frå tenestenivået. Publisert11.11.2018 14:28