Landbruksvegar

Skal du bygga ein landbruksveg, må du søka kommunen.

Landbruksvegar er:

  • Bilvegar og traktorvegar som blir bygde i samsvar med normalar for landbruksvegar fastsett av Landbruks- og matdepartementet.
  • Enklare vegar som er nødvendige for landbruksverksemda. 

Dersom landbruksnytten utgjer over 50 prosent i veganlegget, blir søknaden behandla etter landbruksveiforskrifta. Har vegen under 50 prosent landbruksnytte, blir søknaden behandla etter plan- og bygningslova.

Korleis søka?

Du finn meir informasjon om korleis du søker om bygging av landbruksveg, rettleiing og søknadsmateriell på landbruksdirektoratet.no.

Du kan og gå direkte til søknadskjema her.

Fann du det du leita etter?