Skuleskyss

Når kan du få gratis skuleskyss?

Elevane kan ha rett til skyss på ulike grunnlag. 

Avstand 

  • elevar på 1. årstrinn som bur meir enn 2 km frå skolen
  • elevar på 2. til 10. årstrinn som bur meir enn 4 km frå skolen

Funksjonshemming eller mellombels skade eller sjukdom

Elevar som på grunn av funksjonshemming eller mellombels skade eller sjukdom har behov for skyss. Dei har også rett til skyss til og frå SFO, men ikkje i skoleferiane.

Andre grunnlag

  • Elevar som har særleg farleg eller vanskeleg skoleveg
  • Elevar som bur i to heimar kan ha rett til skyss til begge foreldra sine adressar.

Les meir om reglane for skuleskyss i Rogaland her.

Slik søker du om skuleskyss

Skulen din organiserer all skuleskyss. Du melder inn behovet ditt i  Visma Flyt Skole. Alle førsteklassingar får informasjon om dette i oppstartsmøtet før skulestart.

Lurer du på noko meir?

Ta kontakt med rektor på skulen din.

Fann du det du leita etter?