Skulefritidsordninga i Hå kommune

Kva er skulefritidsordninga (SFO)?

Skulefritidsordninga er eit tilbod før og etter skuletid til barn i 1. til 4. trinn og for barn med spesielle behov i 1. til 7. trinn.

Barn i 5.-7. klasse med særlig behov kan få plass på SFO etter søknad.

Skulefritidsordninga er ikkje ein del av grunnskoleopplæringa og skal difor vera noko anna enn skule og barnehage. SFO skal vera ein trygg opphaldsplass for barna utover skuletida, gje barna omsorg og tilsyn, leggje til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar og vera tilpassa barna- og foreldra sine behov.

Opningstider og feriar

SFO har ope alle arbeidsdagar inkludert skulen sine feriar. Juli månad og to planleggingsdagar i løpet av skuleåret har SFO stengt. SFO har og stengt på julafta, nyttårsafta og onsdag før skjærtorsdag.

Søkje om plass

Du søkjer om SFO plass via det skuleadministrative systemet Visma Flyt Skole (pålogging med ID-porten).  Søknadsfristen er 1.mars. Dersom du søkjer seinare enn 1. mars kan rektor innvilge søknaden dersom det er ikkje fullt.

For barn i 5.-7. trinn med særlege behov må de søkje om SFO-plass kvart år.

Du kan søkje om tilbod på inntill 12, 14, 18 eller 21 timar. Innanfor det timetalet du ønskjer kan du kombinere timar på morgon og ettermiddag som du ønsker, og det presiserer du i søknaden. Til dette kan du ha behov for å lesa timeplanen på den enkelte skule.

Prisar i 2019

Antall timar

Pris pr. mnd

Kost

Inntil 12 timar per veke kr. 1625 + kost kr. 40,- pr. dag/pr. mnd.
Inntil 14 timar per veke kr. 1900 + kost kr. 40,- pr. dag/pr. mnd.
Inntil 18 timar per veke kr. 2350 + kost kr. 200,- pr. mnd.
Inntil 21 timar per veke kr. 2650 + kost kr. 200,- pr. mnd.

 

Seie opp plassen

Visma Flyt Skole (pålogging med ID-porten) kan du seie opp SFO-plassen. Oppseiingstida er 2 månader med verknad frå den 1. i månaden etter. Ved oppseiing etter 1. april må de betala for SFO ut skuleåret.

Kjøp av ekstra dagar

Ved ledig kapasitet kan de kjøpa heildagsplass for kr. 285,- pluss kost kr. 25,- pr. dag.

De betaler ikkje ekstra for SFO i skulen sine feriar for dei vekedagane de allereie har SFO-plass, men de må kjøpa heildagsplass for ekstra dagar. 

Ved kjøp av ekstra dagar må de ta kontakt med skulen.

Fann du det du leita etter?