Målform

Rett til å tilhøyra ei eiga elevgruppe etter målform

Hovudmålet i grunnskulane i Hå kommune er nynorsk.

Utdanningsdirektoratet om målform

Elevar på 1.-7. trinn med eit anna hovudmål enn fleirtallet, kan ha rett til skriftleg opplæring i deira eige hovudmål, jf. opplæringslova § 2-5 fjerde ledd.

Elevar som har rett til å tilhøyra ei eiga målformgruppe vil få opplæring i et anna skriftleg hovudmål enn skulen sitt hovudmål, og denne målforma skal brukast det skriftlege arbeidet til både eleven og skulen.

Meir om rett til å tilhøyra eiga elevgruppe etter målform kan du lesa om på Utdanningsdirektoratet sine sider.

Slik søkjer du

Ta kontakt med rektor på skulen.

Tidsfrist

Utdanningsdirektoratet seier at elevane har rettar etter opplæringsloa § 2-5, uavhengig av eventuelle tidsfristar, men at kommunen skal ha rimeleg tid til organisering og førebuing av denne opplæringa til skulestart. Tidsfrist for å søkja om å tilhøyra ei bokmålsgruppe i Hå kommune skuleåret 2020-2021 er difor 1. mars 2020.

Fann du det du leita etter?