IKT i skulane i Hå kommune

Hå kommune legg til rette for at elevane blant anna skal kunne læra med hjelp av læringsteknologi. Me ynskjer å bruk digitale hjelpemiddel der det kan gjera undervisning og læring enklare og betre.

Kontorpakke

Me bruker Google Suite for utdanning, som har ei rekke verktøy for undervisning og læring. Samarbeid om læring mellom elevar og mellom lærar og elev kan her skje saumlaust og trygt på fleire ulike einingar, som PC, nettbrett og mobil. Meir informasjon om G suite for utdanning og nokre korte videoar om Google Skjema, Hangout og Classroom finn du her på google sine heimesider.

Utstyr og nettverk

Alle lærarar og elevar i skulane har pr. i dag tilgang til kvar sin chromebook. Alle skulane har trådlause nettverk med god kapasitet.

Læringsplattforma canvas

I tillegg til G suite for utdanning bruker ungdomsskulane den digitale læringsplattforma canvas. Målet med eit virtuelt klasserom som canvas er og å gjera undervisning og læring enklare for lærarar og elevar. Canvas har blant anna god vurderingsfunksjon og foreldrebrukar. Her er ein liten video som forklarer kva canvas er. Elevane og lærarane loggar inn via feide. 

Kompetanse

Lærande nettverk på skulane og på tvers av skulane sikrar god kompetanse i personalet. I tillegg deltek fleire lærarar på eksterne kurs og tek formell vidareutdanning i profesjonsfagleg digital kompetanse.

Ressursar:

Framtid, fornyelse og digitalisering er regjeringa sin digitaliseringstrategi for grunnopplæringa 2017–2021.

Fann du det du leita etter?